torsdag 2. april 2009

Samfunnsteneste - likt for alle

DEBATT

Enhver Statens Borger er i Almindelighed lige forpligtet, i en vis Tid at værne om sit Fædreland, uden Hensyn til Fødsel eller Formue. Denne Grundsætnings Anvendelse, og de Indskrænkinger den bør undergaa, bestemmes ved Lov.

I denne paragrafen av Noregs Grunnlov anno 1814, har verneplikta sin heimel. No ynskjer framståande fagfolk og kulturpersonlegdomar å opne for å bygge ei allmen samfunnsteneste på denne grunnsetninga.

"Gjennomføres samfunsstjenesten i sin absolutte konsekvens, vil den være det største likestillings- og likeverdsprosjekter man kan tenke seg. Alle må yte det samme, uansett klasse, kjønn eller etnisk opphav, etter samme regler." Dette sa Tom Remlov, sjef ved den norske opera, under en konferanse arrangert av Mangfoldsåret i november i fjor.

Betre egna enn vikarar?
Det er Morgenbladet som gjengir Remlovs ord, og som i månadsskiftet mars-april har klistra eit stort illustrasjonsbilete over framsida: ein ung mann som ledsagar ei eldre kvinne. ”Til tjeneste,” lyder overskrifta. ”Samfunnstjeneste i steden for verneplikt vil gjøre Noreg til et bedre land.” Artikkelen inneheld også ytringar frå kritiske røyster, pussig nok også frå personar som til dagleg opplever underbemanninga i omsorgssektoren, direkte eller indirekte. Både bebuarar og fagpersonar frå Vinderen bo- og servicehjem i Oslo er kritiske til korleis 19-20-åringar utan erfaring frå området vil vere egna for omsorgssektoren. Kritikken misser mellombels mykje av fotfestet sitt dersom ein tar utgangspunkt i å overføre modellen frå militær førstegongsteneste til ei omsorgsteneste, med tre månaders rekruttskule, som til dømes Rolf Rønning opnar for i sitt forslag. Då ville dei unge i teneste få mykje meir opplæring enn det dagens vikarar i omsorgssektoren får.

Rettferdsargumentet
Espen Barth Eide er statssekretær i forsvarsdepartementet, og sjølvsagt sterkt kritisk til ei omlegging av dagens verneplikt. Han har likevel ingen argument med tyngde i, anna enn at Forsvaret i dag har betre soldatar enn nokon gong før, og dermed er veldig nøgde med måten verneplikta fungerar på. Dette er fordi Forsvaret i dag kan velje kven dei vil kalle inn ut ifrå resultata ungdomane har fått på sesjon, utan omsyn til at dette i praksis fungerar som ei systematisk forskjellsbehandling av dei unge, som forhåpentlegvis og til det beste for samfunnet elles, er motiverte og klare for arbeidslivet eller høgare studium. Rettferdsargumentet, at eit års pliktteneste for fedrelandet burde vere likt for alle, er kanskje eitt av dei tyngst vegande argumenta for å innføre samfunnsteneste.

Endeleg debatt
Vekeavisa (eller 10-dagarsavisa) Morgenbladet var i 2008 den avisa som auka mest i opplag. Artikkelen har ein optimistisk og håpefull tittel og ingress: ”Fra sesjon til sykehjem? Samfunnstjeneste kan løse Noregs vanskeligste problemer.” Eit slikt førstesideoppslag i ei så viktig avis som denne kan vere opptakta til ein debatt som mange gongar før har blitt forsøkt dratt i gang, men som aldri har fått tilstrekkeleg oppfølging. Morgenbladets fokus på saka kanskje til og med kan vere gjennombrotet i denne oppfølginga, for opptakta var vel i tillegg til seminaret som Mangfoldsåret arrangerte i fjor haust ikkje minst kronikken til Rolf Rønning i Klassekampen den 27. Januar. Her kom Rønning, som er professor i sosialpolitikk, med eit konkret forslag til omsorgsverneplikt for alle gutar og jenter som Forsvaret ikkje har bruk for. I marsutgåva av Balder hadde vi eit kort intervju med Rønning, kor han avslutta med å seie at dette var eit forslag som langt ifrå var ferdigtenkt frå hans side, men som han synest fortenar ein ordentleg diskusjon.

Grasrota
Til å byrje med kom det eit par solide innlegg som både kritiserte og rosa forslaget til Rønning, og som også prøvde å konkretisere ei praktisk løysing av det heile i større grad enn det professoren hadde gjort i kronikken. No har altså det stadig forbigådde og neglisjerte temaet nådd framsidene, eller i alle fall ei av dei. Vi kan representere den viktige grasrota, og diskutere vidare her på Balder sin blogg.

av Martin Bengtsson

START DEBATT!

5 kommentarer:

  1. lattis. jeg sendte denne artikkelent til hovedstillitsmannen på mandag :)

    SvarSlett
  2. er forøvrig helt enig i argumentasjonen :)

    en samfunnstjeneste er mer rettferdig, og den lærdommen man før når man jobber med eldre tror jeg ville vært viktig for dagens ungdom, en viktig modningsprosess.

    SvarSlett
  3. Viktig modningsprosess utan tvil. Men sjølv om alle ikkje kjem til å jobbe direkte med eldre, nokon må kanskje ha kjøkkenteneste eller jobbe i barnehagen, trur eg det aller viktigaste er at alle kjenner seg som ein del av noko heilt nødvendig.

    Eit av dei andre argumenta som vert brukt er jo at dette vil fungere som eit kjempestort integreringstiltak, eller slik Tom Remlov seier det: "det største likestillings- og likeverdsprosjektet man kan tenke seg."

    Fleire kjem garantert til å kjenne seg meir som ein del av samfunnet gjennom ei slik teneste, og då meinar eg ikkje berre innvandrarungdom. Det som vil vere minst like viktig er at folk som elles raskt forsvinn ut i næringslivet også får kjenne på korleis det er å jobbe i det offentlige.

    SvarSlett
  4. http://www.morgenbladet.no/apps/pbcs.dll/article?AID=/20090403/ODEBATT/35389429/-1/DEBATT

    Her et et innlegg som er trykket i siste nummer av morgenbladet. En fantasi som hører 1950-tallet til, mener artikkelforfatteren om idéen om samfunnstjeneste.

    Selv mener jeg argumentet om at folk får kjenne på hvordan det er å jobbe i det offentlige, er ganske bra. Tatt i betraktning hvor mange kjipe historier jeg har fått høre fra venner som jobber i butikk, kafe o.l.

    Det irriterer meg at vi har en slik halvveis-løsning på verneplikta, altså det at hvis man vil så slipper man lett. Om en bedre løsning er samfunnstjeneste er jeg usikker på.

    Hva med å legge ned militæret, og starte opp frivillig siviltjeneste/samfunnstjeneste for begge kjønn?

    SvarSlett
  5. Tenker du då at dei som får prøvd seg på ein jobb på ein sjukeheim eller i ein barnehage kanskje heller vel noko slikt også etter samfunnsteneste, istaden for butikk/kafè?

    Dagens verneplikt ER urettferdig. Den tvingar 1 av 8 ungdomar inn i eit pliktår utan miljø for refleksjon og individuell utvikling.
    De vi først og fremst bør diskutere er kanskje, som du seier, korleis vi kan kome bort ifrå dagens vernepliktsløysing.

    Forslag?

    SvarSlett