tirsdag 14. april 2009

SIVIL ULYD!

8. og 9. mai på BLÅ

Den andre helga i mai er alle fest- og musikkglade sivilarbeidarar forplikta til å møte opp på Blå i Oslo. Fredag 8. mai vert nemleg Sivil Ulyd sparka igong på femte året, og det er altså eit lite jubileum vi stolte kan gå og glede oss til.

Denne festivalen vert arrangert til ære for alle vi som har valt å tene landet vårt utan uniform, og det er vel knapt naudsynt å nemne at det er gratis for alle sivilarbeidarar... For kvinner, soldatar og andre utan tenestebevis ifrå Dillingøy kostar festivalen 50,- per dag. Det vil bli førehandssal på platebutikken Tiger.

Etter dagens møte med festivalsjef Simen Herning og hans kompanjong Endre T. Harnes, begge tidlegare hovudtillitsmenn, kan namna som skal pryde årets festivalplakat kunngjerast:

Pony the Pirate, årets Zoom Urørt vinnarar , og Oslos indiepopdronning Ingeborg Selnes står for det musikalske programmet på fredagen, medan Heroes and Zeros (Zoom Urørt 06) og støyete Simon Says No! har ansvaret for laurdagens rockshow. Sjekk ut artistane på Myspace:

http://www.myspace.com/ponythepirate

http://www.myspace.com/ingeborgselnes

http://www.myspace.com/heroeszeros

http://www.myspace.com/nosayssimon

Arrangørane har dessutan motteke eit knippe fine demoar frå sivilarbeidarar som vil spele på festivalen. To av desse vil verte plukka ut til å opne kvar sin av dei to festivalkveldane.

av Martin B

1 kommentar:

  1. Heisann! Kule band som kommer da:D Men
    er det for sent å sende inn demo for å kanskje få spilt på en av dagene?
    Hilsen sivilarbeider Eirik=)

    SvarSlett