søndag 26. april 2009

Hurra! Påtroppande redaktør i boks

22 år gamle Christian Høie frå Haugesund byrjar i morgon si teneste som påtroppande redaktør for Balder Magasin, på velferdskontoret i Oslo. Nokre av dykk hugsar han kanskje som sterk kandidat under valet av distriktstillitsmann for Oslo sentrum, under allmøtet på Håndverkern i mars. Christian har hatt teneste hos AFS (organisasjon for utvekslingsstudentar i VGS) i Oslo sidan januar, og har altså knappe 8 månadar att av tenesta si. 

Kunn ei formell godkjenning frå SVTU står att før Christian heilt sikkert kan ta over som redaktør når underteikna dimmar i midten av mai. Godkjenninga vil vere gjort i løpet av komande veke. 

SVTU har vedteke at Balder bør bli nettavis

Dette skjedde under SVTU sitt møte på Dillingøy tidlegare denne veka, 22. og 23. april. Fleirtalet var også einige om at å behalde moglegheita for å gje ut papirutgåver ved særskilde høve, som td. Sivil Ulyd, vil vere teneleg. 

Med andre ord vil Balder Magasin vere på utkik etter ein medarbeidar/journalist med gode IT-kunnskapar, som kan fylle stillinga til journalist Tor Kr. Knudsen når han dimmar, den 17. mai.

Meir nytt om dette vil kome fortløpande.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar