onsdag 25. mars 2009

Balder som nettavis

"Balder Magasin er sivilarbeidarane si mannskapsavis," heiter det i rettingslinene frå Siviltenesteadministrasjonen. Merkelappen avis passa kanskje betre då Balder faktisk hadde form som ei avis, noko den ikkje har hatt sidan ein gjekk bort ifrå tabloidformatet i 2002. Eg veit ikkje kva format avisa hadde då den på midten av 60-talet starta opp under namnet "Militærnektern," og heller ikkje kortid den vart omdøypt til "Balder Magasin for militærnektarar." Det eg derimot er heilt sikker på er at Balder ikkje kjem til å eksistere i si noverande form mykje lenger.

I April skal SVTU (sivilarbeidaranes tillitsmannsutval) ta ei avgjersle på om Balder skal gå over til å bli nettavis. Lat oss håpe dette vert eit einstemmig vedtak for heilt eller fullstendig omlegging til nett.Her er mine viktigaste argument for dette.

Mykje tyder på at få sivilarbeidarar les Balder. Ei nettutgåve vil både vere meir tilgjengeleg, og åpne for at sivilarbeidarane sjølve kan vere med på å bestemme kva Balder skal skrive om. Jamlege oppdateringar vil gje lesarane nytt å lese kvar veke, og det vil sjølvsagt også bli eit åpent debattforum som kan stimulere til eit større engasjement kring militærnekting.

Ei nettavis vil på alle måtar vere meir gunstig for oss uerfarne sivilarbeidarar som jobbar i Balder. Vi vil få eit krav til å jobbe meir kontinuerleg og oppdatere frå dag til dag. Det vil vere lettare å gripe fat i aktuelle hendingar og følge opp saker, noko som kjem til å gi Balder ei brattare læringskurve. Erfaring frå nettavis vil dessutan vere mykje meir relevant for ei framtidig karriere innan media. Papiravisene er på veg ut, det er harde fakta.

Martin Bengtsson, redaktør

1 kommentar: